Artikler

Norsk buhunds historie

Jon Sæland

Interesserer man seg for Norsk buhund, og begynner å lete etter gammelt stoff, tar det ikke lange tiden før man støter på konstellasjonen sau, Norsk buhund og navnet: Jon Sæland.

(1876 - 1963)Sæland hadde utdannelse først på landbruksskole i Oslo. Siden ble han uteksaminert fra Norges Landbrukshøgskole på Ås i 1900. Men dette ble bare en parentes i hans liv. Etter noen år som skolebestyrer på Storsteigen landbruksskole i Østerdalen (1907-1918) ”stakar han ut sin eigen kurs”, og han har sikkert følt sig kallet til å sitte i Høgfjellskommisjonen fra 1912-1918.

I 1918 utnevnes han til Norges første statskonsulent i sau- og geital. Samtidig flytter han til Gvarv i Telemark. Herfra reiser han rundt i hele Sør-Norge til sauesjå (Statens småfesjå). Han ble en elsket, men også frygtet dommer med ekstrem høy fagkunnskap. Han innførte såkalt åpen dømming, nemlig å si fritt hvorledes dyret var. Sjåene ble etter hvert en rein fagskole for småfeal.

 

 

Buhundavl - av Jon Sæland (1939)

Det fylger glede med å hjelpa upp og fram skapningar som lenge hev havt det vondt og vore vanakta eller burtgløymde. Dette kan skrivast i samband med buhunden ogso. Han er utgamal i landet, men han kom inn i låke tider då utanlandske jakthundar og selskapshundar av mange slag fekk fyreretten. Buhunden vart uppblanda og burtfjalska so ille at storparten av landet ikkje hadde att minste minninger um han. Jamvel namnet var burtkome. Bonden sin gamle kloke og trugne tenar hadde vorte so vanakta og burtgløymd, at han var åt å koma heilt burt. Men so kom staten med ei hjelpande hand her ogso. Dette hende for berre 13 år sidan. Då gav landbruksdirektøren buhunden rett til å møte upp og verta dømd på statens småfeutstellingar. Det var ikkje stort som møtte fram, men litt var det. Det meste var blandingsgraps av verste velt og utan minste verd til avl når det gamle hundeslaget skulde nyast uppatt. Men ein fremifrå fin og klok og dugleg hund vart funnen - 1926 - Champion Flink I. Denne var straks gjeven 1. premie og vart mykje bruka i avlen heilt til han vart fjortan år og slutta sine dager i fjor. Ingen hund hev kome nær så stor part i norsk huhund i dag som Flink I. Det var eit takksamt arbeid å hjelpa buhunden framatt. Han kom i skotet både på landet og i byen. På få år vart han atter landskjend og spurlaget etter kvalpar var so stort, at det ikkje på langt nær var kvalpar nok etter fine foreldre og fine ætter. Men berre det bar buhund-namnet so vart det selt um det var aldri so grapsut og stygt. Folk som ikkje nådde premi for di stygge hundane sine laga private utstellingar og "premiera" rusk og rask og selde kvalpar under buhund-namnet. Dette går fyre seg enno og dette held på å skjemma heilt ut buhunden. Soleis er storparten av all den hunden som no i Oslo vert kalla "buhund" ikkje anna enn blandingsskrap utan mindste vert endå det kan vera selt som "buhund" til høge prisar. Buhunden skal vera samleta blakk og helst med sume svarte hårtuppar som på vargen (vargelet) eller blankt svart. Lite kvitt i brystet, på halsen og labbane lyt ein tola. Like eins um dei er blæsut. Andre leter er det ikkje, utan når det gjeld blandingsskrap som bør burt so snart skje kann. Fremleis skal buhunden vera stutthåra og glatthåra med rak rygg, rake føter, kvasst uppståande øyro og godt uppringa hale. Men endå ser me tidt i Oslo og annan stad rosute eller langhåra eller brun og grå "buhund". Graps av verste velt! Alt dette må burt. "Ættebok for Norsk Buhund" gjev god rettleiding og er alt utkomen i åtte band. Når folk held seg til dette skriftet og elles til pålitelege folk når dei kjøper kvalpar, so kan dei få noko som er vakkert og vitugt og som der fylgjer glede med - um det fær god uppsæding.

Korleis buhunden skal sjå ut

 

 

 

 

 

 


Ven og god sauhund: Flink 1
Ættebok for norsk buhund, 1. bandet

Han skal vera ljost vargleta (blakk med myrke hårtuppar), blakk eller svart. Litt kvitt i brystet, smalt blæs og smal kvit ring um halsen bør tolast, men ikkje at hunden er rosut, grå, brun, kvit o.s.b. Han skal hava småvorne ståande øyro, godt uppringa hale, rak rygg, glatthåra, spiss nos, myrkt brune augo, rake føter og med sterkt lynde. Han må ikkje vera krypande og redd.

Storleik: Hanhunden skal vera millom 43 og 49 cm høg yver manken, bikkjone kring 40 cm.

Ein kann stundom sjå, at hundhandlarar gjer blåster kring noko dei kallar "Dvergbuhund". Ja, innan alle dyreslag og millom menneskjer, kann ein stundom råka på små "dvergar", man taka slikt noko fram som alsdyr høyrer ingen stad heime.

Buhunden må ikkje sleppast ned i storleik under dei måli som ovanfyri er nemnde.
Elles so vert han snart for stakarsleg i bruk både til vakthund og til gjætarhund.

Buhunden kann møta og verta dømd på alle statssjåi for småfe sunnanum Nordland. Alle hundar og bikkjor som når premi på desse sjåi vert tekne inn i "Ættebok for norsk buhund" som kjem ut med eit band kvart år. Til no er det kome tolv band.

Sume private lag eller klubbar tek buhunden med på sjåi sine og auser ut høge premier for rusk og rask og soleis gjer stor skade for reinrasa og verkeleg fin buhund. Folk som kjøper seg buhund må soleis vera varsame, eller so kann dei tidt verta innpånarra kvalpar eller jamvel vaksne hundar som ikkje har minste verd til avl endå dei kann hava høgt "premiera" foreldre attum seg.

 

Jon Sæland, 20. marts 1942

Upplæring av buhund I eldre tid hadde dei i store luter av landet ein buhund på kvar gard. Tidt var det so at buhunden vart uppalen i fjoset, han skulde vera med buskapen på beitet og alt tidleg lærast upp til å vera der som buskapen var. Soleis fekk dei han til å fylgja buskapen åt marki og vera der dagen lang, varsla heime når noko var gali, halda udyr og annen manns buskap burte o.s.b. Um kvelden fylgde hunden buskapen heim.

No er dette slutt. Men endå er buhunden nytta til mange ting, ikke berre til vakt- og selskapshund. Dette vert han tidt "av seg sjølv", utan nemnande lærdom. Men en god gjæterhund vert han ikkje utan god lærdom, stundom ikkje då heller. Det skil seg um det er gode anlegg i kvalpen og um læraren hans kann noko og kor mykje ein vil krevja av hunden.

Gode anlegg?
Når den unge kvalpen syner hug til å "taka alt han ser", springa etter når noko rømer undan, då er dette eit godt merke, då er det von i han. Helst skal han vera so strid, at han jagar for hardt. Det er bra um han gøyr attåt at han spring etter noko. No kjem læraren sin tur. Han må freista få kvalpen til å koma att når han ropar på han. Gjer kvalpen dette, må han have godlåt og kjæling. Enn so flink du var! Ja - endå um kvalpen i ofse etter å jaga det som rømer undan ikkje høyrer eller ikkje lyder husbonden sin, so må ein ikkje vera for snar til å vera hard med han for dette. Men på det harde mælet til husbonden sin må han skyna, at han har gjort gali. Myrkt: huuh! Men ris eller svolk må ein vera svært varsam med. Mange buhundar er so lette å tukta at dei i det heile ikkje toler ris, langt mindre svolk, utan å missa vyrdnaden for husbonden, læraren sin. Og er vyrdnaden for han burte, so er hunden langt på veg burtskjemd. Då er det ikkje lett å få læra han noko. Når ein t.d. ropar på hunden og vil hava han innåt seg, so er hunden redd og spring undan istaden for å komma innåt. Dette må ein taka av han - med å vera god med han til tiltru og vyrdnad for husbonden sin kjem att i hunden. Då kann ein gå vidare, men stendig frå det einfelte og kjende med småe steg til det vanskelegaste.

I det heile må hunden fyrst og fremst læra lydnad. Han skal kjenna ei stor glede i å gjere husbonden sin til viljes på alle vis. Dette må husbonden kvitta for med å vera god med hunden og lata han få vellæte. Husbonden? Eg nemner berre han avdi det er dest at berre han (eller annan) står fyri å læra hunden upp. Skal mange stå fyri lærdomen og kanskje hava kvar sin måte og kvar sitt språk, so skal det noko til å få hunden god.

Ein ting som buhunden må lære er t.d. å gøy på tilsegjing og utan at det er noko å gøy på. Når husbonden segjer til hunden: "Gøy", so skal hunden straks ramla på og gøy, ikkje renne avgarde og finna seg eitkvart å gøy på t.d. fugl. Læra han dette? Det kann ein gjera inne um kveldane når hunden er berre få månader gamal, men spretten og huga på å gjera noko. Då leikar du med han. Legg deg på firekrabben og leik med kvaplen, so han vert glad i deg. So segjer du ålvorsamt: "Gøy -- vuff, vuff!" Ja, kvalpen spiler upp øyro, men skyner ikkje dette, fyrste venda. Leik ånyo! Men um litt so tek ein det uppatt: "Gøy -- vuff, vuff". Kveld etter kveld tek ein dette uppatt. Kanskje ein jamvel lyt syna han eitkvart han gjerne vil hava (kjøtbeta), halda dette so høgt at han ikkje når det og segja: Gøy -- vuff, vuff. Då knistrar kvalpen og kanskje jamvel slepper or seg eit lite -- vuff. Det var bra (kjæling) -- versogod.

Tak denne øvingi uppatt kveld på kveld um det tarvst, men ikkje so lenge på ein gong at kvalpen vert leid og motlaus. Når han har lært å gøy inne, so tek du han med ut og ser etter um han kann det der med. Nei, då renner han gjerne kringum for å finna noko å gøy på. Men dette skal han ikkje. Han skal stå attmed husbonden og gøy, men dette er noko vondt at få til, tykkjer han. Då må du taka han i band, so han ikkje kann renna avgarde: "Gøy, gøy!" Går det ikkje då heller, fær du syna han kjøtbeten att. Då går det. Eller du kann syna han noko anna han gjerne vil hava tak i t.d. ein sau- eller geitflokk som spring. Passupp -- sjå her: Gøy, vuff -- vuff -- tak dei! Kvalpen vil då taka etter, men han er i band og slepp ikkje ivegen: "Gøy -- vuff -- vuff". Ein må gjera fyri, det som kvalpen skal gjera etter. Har han då brennande hug til å taka etter, men slepp ingen stad, so auser han gjerne på med gøying so det ramlar. Då må han hava kjæling. No var du flink.

Same øvingi uppatt seinare, gong på gong, til kvalpen, hunden står attmed husbonden sin og gøyr berre på tilsegjing (utan agn av noko slag).

Kva gagn er det i dette at gjæterhunden gøyr når ein ber han um det. Stort gagn. Er det t.d. ein sau- eller geitflokk som vil inn på jordet eller på sætervollen, so roper ein ut hunden og ber han gøy. Han gjer dette, flokken vert redd, vender og spring attende der han kom ifrå (og skal vera). Mang ein stad vilde ein hund vera svært gagnleg um han ingen annen ting kunde enn å gøy på tilsegjing.

Kann han attåt dette springa etter og jaga t.d. sau og geit og koma att når ein ropar på han, so er han endå gagnlegare. På mang ein gard eller sæter er det ikkje meir enn dette ein krev av hunden. Då er han vel havande.

Kvalpen skal læra å gå etter. Det er best å hava han i band for det fyrste når han skal læra dette. Med ein kjepp eller linn pisk i handi og kvalpen i band går det snart å læra han dette. Med pisken eller kjeppen held ein kvalpen attamed ein og segjer: "Gå etter". Han må læra å liggja att. Fyrst set ein staven sin i marki, legg skreppa eller eit klædesplagg attmed og bitt hunden i staven medan ein sjølv går ifrå han og segjer: "Ligg att". Fyrstundens går ein ikkje langt frå hunden innan ein er attende til han og kyter av han um so er han låg stille. Seinare går ein lenger og er avleites en stund, god stund innan ein kjem att og -- kyter av han. Etter kvart kan ein freista få hunden tilåliggja att ubunden, men enno må han hava noko som husbonden eig attåt seg (klædesplagg, skreppe). Etter kvart som hunden lærer dette kan ein vera lenger og lenger burte innan ein går attende til han eller ropar han ått seg. Enn so glad han då er når han kjem -- og fær kyt og kjæling. Med god lærdom her kann buhunden tidt liggja att i timevis endå um han ikkje ser husbonden sin, ja heile dagen ligg han stundom att innan han tek farvegen og kjem etter. Lengst ligg han når han har noko som husbonden eig attåt seg (passa på). Stundom kann ein sjå rørande truskap av hunden.

Døme: Ein bonde i nordre Østerdalen var på stasjonen etter lass, buhunden fylgde. På heimvegen munne det detta av lasset ein sekk med litt uppi. Buhunden såg det og gav seg att. Når det leid på la han seg på sekken, i kanten av ålmannvegen, og ingen av dei vegfarande fekk han der ifrå. Vilde dei burtåt han, synte han tenner og murra. Hunden låg og passa sekken halvtanna jamdøger til nokon som hadde set han sende bod til eigaren som reiste og fridde han ut.

Er kvalpen uhuga på å taka (springa etter) sau eller geit, må ein hjelpa han ivegen med dette. Ein gjer då fyri det som ein vil at hunden skal gjera etter. Spring på fire du med -- etter flokken --- og gøy medan kvalpen fylgjer og er med på dette. Då fær han mot eller hug og tek etter. Ein linn kvalp eller hund stoppar i einingi, ser på husbonden og liksom spør um han skal taka dei meir? Ja, ein peiker med handi eller staven og segjer: Tak dei att, iveg e.l. Når ein hoystar på hunden skal han stoppa jagingi. Hooy! Kom att no! Då kjem han -- og fær kyt.

Lette ting kann ein læra kvalpen fyrr han vert halvtårsgamal, men enno toler han lite hardt arbeid som t.d. saudrivning i dagevis. Ein må ikkje gjera kvalpen motlaus og trøytt utan det er ein stridnakke som berre på dette viset kann læra lydnad.

På saudrivning (drift) eller gjæting er det best å få lært kvalpen når han kann få fylgja ein vaksen, lært hund. Denne kan gå kanten på drifti d.v.s. springa langs etter sida av drifti og jaga sauen inn på driftvegen utan å renna inn i drifti og "jaga stygt". Kvalpen lærer snart å taka etter den lærde hunden han fylgjer og millom anna lærer han å gå berre etter peiking med staven og utan at han ser sau. På gjæting skal ein god hund kunna sendast langt utan at han ser det som han skal gå etter berre gjætaren peiker med staven i den leidi hunden skal gå og ropar til han: Upp der, -- upp! På dette viset kann ein t.d. senda hunden ein lang umveg for å få han framum ein flokk som ein vil venda eller jamvel jaga dit ein sjølv står eller til lægret e.l.

Kvalpen må læra å jaga fint. Han må ikkje renna inn i flokken og spreida han eller taka etter eit einsleg smålog som han fær skilt ut. Dette er eit stygt lyte på ein hund -- um han gjer dette. Hunden skal jaga smått og fint når han kjem innpå ein flokk. Han må læra dette: "Smått, smått", like eins å jaga hardt um det trengst. Då ropar ein til hunden: "Tak dei -- lat gå! Hysst!"

Når hunden skal samla eller jaga sau i bratte fjell eller i mykje ulendt mark, er det um å gjera at ein kann få han til å fara varsamt. Ein ropar til han: "Små-å-å-tt, far smått", eller: "Sett deg". Gjer hunden dette eller sluttar jagindi, kann ein atter ropa til han: "Sett deg -- og gøy". Gjer hunden dette, etter lang læretid, so går jagindi fint, sauen fær tid til å koma seg undan i ulendet utan å fara ille eller åleita seg for mykje.

Tidlegare er det nemnt at noko av det fyrste ein må læra kvalpen er å gøy på tilsegjing. Like ein er noko av det fyste han skal læra å leggja seg ned eller setja seg -- på tilsegjing. Dette lærer han fyrst inna, sidan går det lett å få han til å gjera det ute og jamvel um han er langt unda soleis at ein må ropa til han: "Legg deg", "sett deg" eller berre "ligg" -- "sit".

Å få kvalpen til å vera att heime når husbonden eller andre som han har hug til å fylgja, går burt, må kvalpen læra tidleg. Dette fell elles lett å læra han. Av det milde eller ålvorsame eller sinte (myrke) tonelaget åt husbonden, lærer kvalpen tidleg å skyna kva lune husbonden er i -- um han kann halda seg innåt han eller han må vera atterhalden og varsam. når husbonden med myrkt tonelag segjer: "Ver heime" eller"heime" eller berre "nei", so er det ikkje lenge fyrr kvalpen skynar dette og vert att heime. Men hugen til å vera med kann vera so stor at han stiltrar seg etter og langt um lenge apar seg innpå husbonden i von um at det skal gå vel. Men dette må ein taka av kvalpen. Ein må då ropa han til seg og taka han i nakken, rista i han noko og er han stridlyndt kann ein måtta risa han i slike tilfelle innan han spring heimatt og neste gong kjem dette ihug so pass, at han gjev seg til heime på fyrste tilsegjingi soleis som han skal.

Verre kann det vera å få hunden til å gå heim når ein er langt frå heimstaden anten dette er ein gard, eit hus eller ei gjætarbu. Men ein hund som har lært lydnad tidleg, vil snart læra å gå heimatt på tilsegjing um so er at heimstaden ikkje er stygglangt (mil) undan. Ein segjer til hunden: "Du lyt gå heimatt" -- "so, gå heim". Mange vellærde og kloke hundar skynar alt slikt noko so godt, at ein ikkje ein gong treng tala hardt åt dei i slike tilfelle.

Når ein hund (kvalp) skal hava tukt må ein endeleg ikkje skræma etter han t.d. kasta etter han innan ein fær tak i han. Endå um hunden syner at han har gjort gali og skal hava ris, må han koma til husbonden sin når han ropar på han. Han må lata seg taka endå so ottefull eller redd han kan vera.

Fær ein ikkja taka hunden når han har gjort noko gali, er han langt på veg utskjemd. Då har ikkje husbonden fullt rådvelde yver han lenger, men dette må han rava anten det er kjæling eller juling han skal hava. Nøgjest ein til å taka kvalpen i nakkeskinnet og rista han eller risa han, må ein endeleg ikkje sleppa han frå seg fyrr alt er unnagjort og då må

ein ikkje spenna eller kaska etter han, men tvert um godtala åt han eller jamvel kjæla han soleis at hunden skynar at alt er upp - og avgjort. Då misser ikkje hunden tiltrui og godviljen for husbonden sin.

Mange buhundar har hug til å springa etter fugl, hare, rev og andre villdyr. Denne hugen er stundom so sterk, at det let seg gjera med god lærdom å få hunden til bra veidhund t.d. på rupe, hare, rev og bjørn. Men vanleg er det so, at ein ikkje likar at buhunden vasar seg burt med jaging av villt, imimsto når han er i arbeid som sauhund, geithund, nauthund, reinshund. Ein lyt difor taka veidhugen av buhunden og soleis skamma på han og i det heile tukta han til å halda seg burte frå fugl - og villdyrjaging (sjå under veiding i saubeite).

I Skottland har dei sers flinke sauhundar som m.a. vert nytta til mang e ting som er ukjent her i landet. Soleis kan ein flink hund der halda ein sauflokk so tett ihop ute på fri mark, at gjætaren kann gå inn i flokken og taka ut den sauen han ynskjer. Hunden spring fort rundt flokken, rundt, rundt ustanseleg soleis at ingen sau kann taka ut. Der ser ein ogso at gjætaren kann gå fyri flokken og hunden etterpå og jaga på. Um ein driv sauflokk etter ein veg og det kjem bil eller anna og skræmer flokken, so er hunden straks på fyrienden, vender flokken og kjem attende med han o.s.b.

Ulike gjætarar gjev hunden sin ulike uppgåvor og det er ikkje råd å nemna alt her som hunden kann lærast upp til. Men so mykje er visst at den hunden som har ein klok og tolmodsam lærar kann læra det utrulege når han planfast held på med han lenge nog og anlegg og intelligens er iorden. Men ingen må venta å få hunden "fullærd" på ein månad eller på ein sumar endå um han er i lære kvar dag. Hunden lærer kvar dag noko so lenge han lever og i alle fall må det nokre års læretid til saman med klok og skynsam gjætar innan han vert verkeleg framifrå. Men so kann ogso ein flink hund for driftgjætaren vera verd so mykje at det aldri blir spursmål um å selja han endå um det vert bjode mange hundrad eller jamvel tusund kronor for han.

Lærde sauhundar er det stendig stort spurlag etter, men mest ingen vil gjeva so mykje som slike hundar er verd. Elles er det tidt so at ein god hund i nye hender kann bli til lite glede når den nye eigaren ikkje veit kva hunden kann eller kann å styra han. Difor må helst driftgjætaren sjølv læra upp hunden sin.

Sume som vil kjøpa lærd buhund trur at hunden kann gjæta på eigi hand, at han fylgjer buskapen ut om morgonen, gjæter um dagen og kjem heim eller på lægret med han um kvelden, men slike hundar er det ikkje. Hunden må stendig vera under styring.

Sume hundeigarar som ikke sjølv kann læra upp hunden sin, freistar å få ein som kann til å gjera det, men dei ventar helst å få det gjort gratis eller for ein 10-kroning eller so, medan ei verkeleg god upplæring er verd både eitt og fleire hundrad kronor, etter som det vert godt gjort til.

Ekstra informasjon